Harald var bror til Olav «den heilage», og var lika manipuulerande som Olav. Etter som Snorre's soger fortel om han. Du kan velja å sei at han var rådsterk og klok, men den klokspapen vart ikkje brukt på noko god/mild måte. Harald var med i Slaget på Stiklestad og vart skada, men kom seg vekk og for til Svitjod som dei fleste andre gjorde etter Olav fall. Harald var Hovding over eit landevern der før han for sør til Gardariket og vidare til Grekenland.
Mens han var der var han med i ein gresk hær som var på ferd runt om og herja. Harald og sin hær var innleigde som kongane der nere gjore til tider. Der var han forsiktig med sine folk i kampane, men for hardt på i strid då det var berre hans hær som var i kamp. Noko som det kan virka til at han gjorde reint taktisk for sin eigen del. For det hendte då oftare at Harlads hær vann enn når han var med den greske hæren, som gjorde at folk fekk meir tillit til Harald. Harald var ikkje altid heilt ærleg heller i forhandlingar med den Greske hæren. Alt dette gjode at han fekk med seg bra med folk når han for på eigen ferd til Afrika, etter at han var ferdige som leige soldat.
Harald var flink til å finna på taktikkar til å ta over borger der, men med lite respekt for folk og natur. Dette er kanskje som forventa av ein kamp glad krigar? Ein av taktikkane var å festa treflis og smurde voks og svovel på småfugl dei fanga som hadde reir i borg taka som var av delvis strå og halm. Som dei tende på før dei slapp laus fuglane som då flaug til reira sine i borga. Dette for å tenne fyr på Borga.
Han for rundt og herja og tok over fleire borger der og fekk med seg mykje rikdom frå Afrika, som han sendte noko av opp til Jaroslav si det var for mykje å ha med seg.
Harald for også gjennom Jorsalaland (Jerusalem) på ferda si der han verna landet for ufred og gav gåver til «herrens grav», korset og andre «heilagdomar». Tydelegvis så er religionen hans, Kristendommen, viktigare enn familie og land for han. Som eg ser på som noko merkeleg. Harald fekk også med seg av rikdommar noko som blir kalla «polutasvarv» Som Harald var i 3 gonger. I.f Snorre var det vist lov at Væringar (nord Europearar) får det når ein grekar konge dør.. der dei då kan forsyna seg med rikdomar frå kongs skattane. Ei merkeleg lov etter mi meining.
Så langt kan me vel sie at Harald var ein røvar og krigsherre etter kva han tok seg til. Eller? Det er å bemerka seg at det er mest av krigsherrar og makt sjuke folk me høyre mest om i historia, ikkje så mykje frå dei som er på folkets sida. Men det kan ha ein del med at det også var dei som tok til seg mest rikdom til å betala andre for å skriva om dei. Og bruka rikdomar til å bevara historia om dei sjølve.
Slashing Dragon Av Sunima
https://www.mysteryart.net/