Så omsider så fekk han kristna storparten av av Norge og sette fokuset til andre land i tillegg. For det var tydelegvis ikkje nokk å berre kristna Norge. Der var historia ei litt anna, då var det meir brutalt; bli kristen eller bli drepen, meir eller mindre. Men det som er litt interessant her er ein liten referanse som viser til at det er lite fortald om tinga som kan ha skjedd som viste til motgang for dei som ville kristna folk. Der dette er skreve om eine ferda Olav var på for å Kristna utanføre Norge:
«Kong Olav Kristna heile denne fjorden, og sidan for han søretter langs med landet. Og på denne ferda hende mangt som dei har gjort segner om; troll og vonde vette egla seg innpå mennene hans og somme tider på han sjølv. Men vi vil heller skriva om korleis det gjekk når Kong Olav kristna Noreg og dei andre landa han fekk innført kristendomen i.»
Det var framleis mykje motstand mot Kristendomen i den tida somme plasser og Olav hadde egga på seg nokon folk der dei ikkje ville ta til seg Kristendomen og hadde nokk til å stå imot. Så av den grunn samla Svea Kongen(Sverige), Dane kongen(Danmark) og Kongen i Svitjod (Kviterussland?) seg for å Stoppa Olav Trygvason. Som dei klarte når Olav var på ærend sør for Danavelde(Danmarks rike) når dei støtte mot han på turen tilbake langs Danmarks kysten. Og etter at Olav fall der så blei Norge vist nokk delt mellom dei 3.
Kan me eigentleg Kalla Olav Trygvason Kristen? Eller brukte han berre det til å få makt? Eller blei han brukt / lurt av andre til å gjera det han gjorde av di han fekk makt av det? Og kor mykje av dette stemme i forhal til kor mykje relevante hendingar manglar? Si det som er skrive ned er berre det som Snorre syner relevant til at Kristendomen blei innført kan det sjåast som. Uansett så blei den innført med tvang i større grad.
Nå vil eg leggja til at når det er skrive «kristna Noreg» så betyr det ikkje at alle «var då kristne». Heller at dei som styrte i bygdene sa ja til å la seg bli døypt i dei fleste plassene.
Dragon and wolf tribal 2 Laga av Sunima
https://www.mysteryart.net