Etter at Harald hårfagre fall så Reiste Håkon Adalsteinsfostre, sonen til Harald til Norge etter å ha budd i England. Og han hadde tydelegvis lært seg litt om korleis handtera folk der, for han lova mykje til jarlen i Trondheim som Harald hadde laga til maktsenteret og fekk han til å tala for seg for tinget der for å ta over makta over Norge etter far sin. England hadde då tydelegvis inntatt Kristendomen for Håkon var kristen og hadde då eit mål om å krista om ikkje heila, så store delar av Norge.
Ein av dei interessante tinga han gjorde var å fortelja til bøndene at landet som dei gjore næring på for kongen, nå var deira land og ikkje kongen sitt. Men dei skatta framleis til kongen av det. Er det då eigentleg noko forskjell på kven som eig landet som arbeid blir gjort på, om resultatet av kva som blir gjort med produkta som kjem av landet er det same? Det høyrest for meg at det som blei gjort var i stor grad likeins som kva er skildra i denne filmen:
Han var kalla den gode i stor grad fordi han tok litt meir interesse i folket og kva dei ville i kva val han tok etter min forståing. Det vil sei, kva bøndene og jarlane for det mesta. Ein jarl er ein person som stod for skatte innkrevjing og handtering av det for kongen. Men det virke til at nokon som var kalla jarl hadde nesten same funksjon som ein konge i nokon tilfelle. Men Håkon spurde om råd meir enn kva folk var vande med. Han endra også på reglar og ville at nokon jarlar sko bli døypt og ta til seg jesus. Noko som dei gjekk med på si det blei sitt på sin ein til gud blant dei andre som var i trua.
Men utfordringa blei når Håkon ville at dei sko stoppa med etablerte tradisjonar som bloting (ofring) som dei enda dreiv med. For det var tradisjon i den tid å blota dyr som blei brukt til mat i feiringa etterpå som blei gjort for gode år. Noko som dei ikkje ville stoppa med som gjorde at Håkon fekk litt problem med planen sin. Men ha fekk endra litt på folk og bygde vist nokk nokon kyrkjer etter å ha ordna venskap med bønder og Jarlar. Om eg forstår det eg har lese rett.
Så vil eg spørja; var dette bra som Håkon fekk gjort synest dykk? Eller? Dette er ein kort oppsummering av kva eg forsto av teksten så om du vil vita meir så er det best å lesa boka. Eg synest det er litt interessant å sjå på korleis me har kome til der me er og kva som er endra og kva som ikkje er endra. Så sant det som står i boka stemme. Det er jo tross alt Snorre Sturlason si skildring av kva han har funne og høyrd av andre i si tid.