Olav Haraldson var av kongeslekt og meir sko ikkje til for at han var kalla konge. Sjølv om han ikkje rådde over noko land i den tida historia hans starta, då han var 12 år første gangen han gjekk ombord på hærskip. Han vaks opp med Kristendomen som då var trua hans, men kan knapt kallast kristen av di han for på hærferd og herja som var vanleg på den tida.
Olav fekk av di han var av konge slekt stor støtte til å fara rundt å herja for å få erfaring for å bli ein stor man. Og han van dei fleste slaga han var del i, ut i frå kva Snorre fortel.
I dei tider var Noreg under Sveakongen, Men Olav for rundt og la under seg delar av Noreg, som gjekk lett. Delvis av di mange likte betre å vera under ein Norsk Konge enn ein frå Sveavelde (Sverige). Det er fortald i boka at Olav var ven med Jarlane som styrte i Orkenøyane som alle var 3 brør, men den eine kom i uhell og daude og det blei krangla om kven som skulle få kontroll over hans del av Orkenøyane. Av di kvar av brørne styrte over kvar sin tredje part. Dei for til Olav for råd begge to om kva dei sko gjera og hjelp til å gjera det. Men eg vil ikkje heilt kalla det venskap mellom Olav og Jarlane, av di Olav manipulerte dei og trua dei begge til å gjere det han ville si Olav kontrollerte kva som skjedde om ikkje. For begge brørne spurde om hjelp til å gå mot den andre. Men si Olav Trygvason hadde rådd over Orkenøyane før så meinte Olav at han hadde rett på det så han ordna det slik at hann fekk kontroll uansett kva som blei vald.
«venskap» og «familie» vart ikkje verdsett over makt blant folk som meine dei har rett til å kontrollera andre i dei tider tydelegvis. Likevel vel me å framleis kalla Olav heilag. Og kvifor blir han kalla heilag? Vel det har ingenting med kva han gjorde å gjera, og meir med nokon «overnatrulege» evner han er sakt til å ha. Og det at hår og negler vaks på han sjøv etter at han var død. Dette skrive eg meir om seinare.
Det som Olav Haraldson gjorde her med Orkenøyane minner meg om situasjonen rundt 2. verdskrig. Der det offisielt er fortald at det var ein krig mellom Tyskland og vestlege makter. Men om me tar litt meir informasjon, som har kome fram i atterkant frå diverse uavhengige kjelder, så ser me at militær industrien selde våpen til begge sider av den krigen. Og begge sider lånte pengar av det same bank systemet til å finnansiera krigen. Som via den økonomiske modellen gjere at dei får ei viss makt over dei maktene i atterkant.
Dragon and wolf tribal 2 Laga av Sunima

https://www.mysteryart.net/