Olav hadde som mål å legga under seg heila Norge, noko han fekk stor støtte for av di folket ville heller ha ein Norsk Konge enn den dåverande Svenske. Men det var nokon komplikasjonar med det av di det var venskap og familie koplingar over grensa der som gjore at nokon ikkje var heilt sikker på korleis det sko handertast. Spesielt si den Svenske kongen då like Olav lite og nekta å godta han som nokon konge. Og han refererte då alltid til Olav som Olav Digre, eller berre; den digre mannen.
Men måten han gjekk fram på med både å ta over Norge og tvinga folk til å bli kristne og bli hans menn var ikkje akkurat noko som var likt blant folk. Ergo han var ikkje ein folkets konge. For det var diverse mektige folk med ein del folk med seg innanlands som ikkje like Olav eller andre kongar for den saks skuld. Du kan kanskje sei, dei var folk som verdsette fridomen sin. Og dei hadde diverse konfliktar og kriga tidt med Olav. Dei meinte det var lite æra i å vera ein kongen sin mann eller ein træl av kongen. Noko eg vil sei eg er einige i. Men Olav brydde seg lite og brukte diverse manipulasjon og trugsmål for å tvinga folk til å gjera det han ville. Det kunne vera å brenne husa til folket ned, lure talsmannen vekk og drepa han eller å stela gods og mat så dei blei avhengige av hjelp frå andre.
Olav var ein dyktig krigar og fekk av den grunn til slutt makta over Noreg og van respekten frå den svenske kongen. Hav fekk seg også venskap fleire plasser blant anna i Svitjod. Etter å ha fått makta over Noreg og sett inn nokon nye lover så fekk Olav veta at den Engelske kongen, Knut den gode som også styrte over Danmark, var interessert i å gå inn i Noreg. Då tenkte Olav at han sko vera smart å gå mot han i forkant, med å herja i Danmark og legga det under seg. Noko som ikkje var det luraste han fann på si Knut Var mektigare og rikare enn Olav. Men kva kan du forventa, folk som er ute etter makt vil berre ha meir makt.
Knut den gode blei sjølvsakt ikkje blid og blei meir lysten på å gå inn i Norge mot Olav etter at Olav Haraldson hadde herja i Danmark. Noko han då gjorde med ein mykje større hær enn Olav hadde. Så Olav kunne ikkje verja landet mot Knut. Dermed skjedde det som ofte skjer, at folket for det mesta sa ja til å bli styrt av Knut der og då, sjølv om dei ikkje kjende han og lovene han brukte. For å betra lojaliteten og folks tillit til Knut så tok han gislar av nokon men gav også ut penge gåver til nokon for at dei lova å gå mot Olav om dei såg han. Kong Knut sette Håkon Jarl, frenden til Knut, til å styra Noreg for han. Då Olav innsåg han hadde tapt landet så for han til Svitjod og fekk styra over ein del av riket til Kongen der som han var ven med. Der endra han fokuser til å tena gud meir enn før. (Kva nå det meinte for han, kva tyder det eigentleg å tena gud innan Kristendomen?)
Seaserpent tribal av Sunima
www.mysteryart.net