Håkon Jarl som styrte over Noreg for Kong Knut for ein tur til England for å snakka med Knut blant anna, men på turen tilbake til Noreg så kom han aldri fram. Så etter det vart Norge utan Hovding, noko som kanskje var lika greit?. Når Olav Haraldson fekk veta dette fekk han lyst til å fara til Norge igjen i håp om å få «riket sitt» tilbake. Ikkje at Norge på noko sett tilhøyrer han eller nokon anna. Men det er måten dei tenkjer på.
Olav fekk med seg ein del folk både frå Sveravelde og Noreg, som farmleis var ven med Olav og støtta han, på denne turen. Men av di Olav hadde tidligare vore så streng or hard med folket, i tillegg til mykje folk som hadde lova å verja landet mot Olav mot gåver frå Kong Knut, så blei det også samla ein stor bonde hær til å stoppa Olav. Dette var bestemt og styr etter eit ting som var haldt i Trondheim av storbøndene. Det er skrive at vonde hæren var på 100 ganger 100 menn. Bonde hæren og Hæren til Olav møttest til slutt på Stiklestad, og det var det Slaget på Stiklestad, var haldt, Olav mot bøndene. Det vart eit kvast slag, men Olav fall der til slutt.
Dette kan seiast at vise at med folkets vilje så kan me verna oss sjølve utan nokon sentral makt til å «verja oss». Må berre litt endring i tanke sett og litt ekstra opplæring til. Er dette som er tanken bak heima vernet, om det eksistere enda.
Det var først i atterkant av at Olav fall at han blei kalla heilag. Ikkje av kva han gjorde eller kva type mann han var, men av evner han er sakt til å ha. Som at ein som fekk litt av blodet til Olav på sitt eige sår merka at såret grodde uvanleg raskt og at både hår og negler er sakt til å ha vekse lenge etter at han var død. Noko dei merka, i følgje boka, når dei flytta kista Olav var gravlagd i frå den første plassen som var hemeleg først, men flytta til ei kyrkja etter at han vart sitt på som heilag. Han har også hjelpe folk til å bli friske med å; ta på dei og be til gud, i følgje korleis det er skreve ned. Samt noko som er kalla jartegn som høyrest ut til å vera gode hendingar på plasser Olav har vore.
Interessant som avsluttande så blei ein sendt av kong Knut til å vera konge over Norge under Knut, etter at Olav fall, som folk godtok når han først kom av di dei hadde tidligare blitt tatt over av Knut. Men som la fram verre og strengare lovar som tok meir makt frå folket enn tidligare, som dei sjølvsakt ikkje likte då, når det var litt seint til å sei nei.
Så det som då skjedde er at; «me vil heller ha ein anna konge over heila landet» Som nokon for til Svitjod til å finna sonen til Olav og støtta han nokk til å bli konge over Noreg som er neste kapittel i boka. Men kva skjedde her? Jo akkurat det som skjer idag med dei politiske vala; «lesser of 2 evils» eller den som er mindre dårleg fram føre den som er verst. Sjølv om begge tar fridommen frå folket.
Seaserpent tribal Av Sunima