Det er interesant kor lite som er skrive om dei som hald freden og betra ting for folket i landet. For i tida der Olav Kyrra var Konge i Norge, som var i 26 år etter som det står, så var det fred i Norge. Olav for ikkje rundtom å kriga, han hjalp landet å veksa, bygder blei større og handels stadar blei til.
Men av det som skjedde mens Olav var Konge i Norge, så står det berre 3 sider i Snorres Konge soger. Mens dei som reise rundt og herje og kriga med folk og skapte konfliktar står det mykje om. Av det vesla som er skrive så vil eg sei at Olav Kyre var ein større landsbyggjar enn dei andre kongane.
Samt kan seiast om ein anna som folket ville ha til Konge etter Olav Kyre. Det er først skrive at Magnus Olavson blei tatt til konge i heila landet. Men dette er litt feil av di det samstundes står at Opplenderane tok Håkon Toresfostre til Konge. Det vil sei Håkon var konge for deler av landet. Og han var elska av bøndene der han for av di han fjerna reglar om at bøndene måtte gi julagåver til kongen, i tillgg til at bøndene ikkje lengre var tvungne til å skatta til kongen.
Med andre ord så gav Håkon Toresfostre makta tilbake til folket som er meir rett etter mi meining, men han er berre så vidt nemnt i soga om Magnus Berføtt (Olavson). Og han daude av sjukdom kort tid etter at han var teken til konge over deler av Norge, etter som er skrive i boka.
«History is written by the victors of wars» stemme nokk her også. På tide å endra på det?
Guardien fo the Galaxies av Sunima