Det nærmar seg fødsel.
Min langt betre halvdel vaggar avgarde som ei alt for stuffa nyttårskalkun. Ho er konstant sliten, kroppen er strekt i alle retningar, og det er tunge, ekstra kilo å dra rundt på no den siste tida. Likevel er eg misunneleg på ho.
Ho får oppleve noko som eg aldri kjem til å gjere. Med mindre eg får bendelorm, eller at det viser seg at filmen Junior faktisk var ein dokumentarfilm. Dama får nemleg kjenne korleis det veks eit lite liv fram i magen. Korleis det vetle frøet gir seg minimalt til kjenne i byrjinga, før det hamrar og sparkar i ribbebein og blære når det vert større. Det nærmaste eg vi fedre kjem ein slik oppleving frå babyen er kriblinga i pungen når den vert unnfanga.
Fact eller fiction?
Eit band vert dermed knytt mellom mor og born, som vi fedre aldri vil vere i nærleiken av å kunne få. Vi kjem alltid til å vere på 2. plass. Backup’en. Kriseløysinga dersom mora ikkje er til stades. Den som alltid må vere “bad cop” og nekte ungen alt som er kjekt.
Ja, ja. Eg er i alle fall glad for at eg slepp å føde. Og å amme. Eg får så fort såre brystvorter.
(Denne artikkelen vart først publisert på heimesida mi. Fødselen er unnagjort og det vart ei nydeleg frisk jente.)