Oppløftande nasestyvar.
Seint på 90-talet hadde eg mitt første møte med snuff. I det store, tyske utlandet traff eg sjølvaste Presidenten. Det brune pulveret var som henta ut frå ein gangsterfilm, noko som virka særs tiltrekkande på kjeltringen i meg. Den lekre, avrunda boksen i krom sølv var, og er fortsatt, stilig.
Eg fann fort ut at snuffen ikkje var så skummel, men derimot like oppfriskande som å bli pimpslap’a i fjeset av ei vakker dame, på ein positiv og litt mindre smertefull måte. Ozona President er ein av mange variantar laga av det tyske selskapet Poschl. Ozona merket til Poschl er variantar av engelsk mentol. Som namnet President tilseier, skal dette vere ein av dei finare snuffane i sortementet. Tobakken er mørk, perfekt fuktig og luktar friskt av mentol.
Snuffen klar i gropa. (og ja, eg er ein Oompa Loompa)
President er veldig oppkvikkande. Eg kjenner meg umiddelbart meir vaken og det kjennes ut som at det rensar og opnar bihulene. Eit alternativ til nasespray? Mentolen er blanda med eukalyptus, noko som gir ein god smak med litt anna vri enn vanleg mentol. I tillegg er det ein god tobakkssmak i bakgrunnen. Ja den gode tobakkssmaken altså, ikkje lukta av gamle sneipar i halvtomme ølflasker dagen derpå. Smaken ligg fint i nasen og varar ei god stund, medan sjølve buzzen avtek etter 10 minutts tid.
Ekslusiv innpakning med snuff av særs god kvalitet. Anbefalast.
Du finn Ozona President Snuff hjå spesialforretningar for tobakk, og kan bestille på nett frå blandt anna M. Sørensen
(denne testen er henta frå heimesida mi)