Kirsebær stuck i nasen!
Silver Dollar er ei produktlinje meint for det amerikanske markedet, laga av den engelske snuffprodusenten Toque. Det er ikkje mindre enn 14 ulike smakar i rekka, herrejemini her kan det bli mykje å teste framover! Men kva som gringofiserar Silver Dollar i forhold til tradisjonell, snobbete engelsk snuff har eg ikkje peil på. Snuffen er basert på menthol, slik som tradisjonell engelsk snuff, og er medium til fint kverna, som haugevis andre snuffar. Så då er det vel namnet som står att, nemleg Silver Dollar. Ser ein vekk frå at dollar vert brukt av blandt anna El Salvador, Aust-Timor, Mikronesia og andre stolte nasjonar, så er jo namnet temmeleg amerikansk. Når snuffen i tillegg kjem i 5 grams runde boksar, som kan minne om ein unormalt stor mynt, gav namnet sikkert seg sjølv.
Uansett, min første Silver Dollar snuff er Cherry, eller kirsebær som det heiter seg på norrønt. Med kun 5 gram snuff er boksen lett, snakk om overrasking, men den kjennes likevel veldig solid ut. Den har eit fint design på sølvfronten, med svart bakdel, alt i plastikk. Burken har hol på sida, og når du skrur dei to delane er den tight og fin, og gir ei kjensle av kvalitet. Det er til og med eit tommelhakk i den bakre delen, slik at du lettare kan finne, øøøh.. ja, holet.
Fargen er gyllen brun, og er litt lysare samt turrare samanlikna med President-snuffen. Likevel har konsistensen nok fuktigheit til å ligge i ro på handa. Ved første augne, eller rettare sagt nasekast luktar det tobakk med ei svak bilukt av menthol og kirsebær.
So er det noko eg må innrømme med ein gong. Eg har ete fint lite kirsebær opp gjennom åra. For min del har det gått mest i halvmodne moreller, der eg har måtta klatra og slåst med kråker og andre fjærkre for å få ein smak. Det eg har ete av kirsebær er vel mest smågodtversjonen du finn på butikken, der to gummibær heng saman. Dei er jo veldig gode, men gir vel kun eit hint til korleis ekte kirsebær smakar. Men ut frå smakshukommelsen min det ei svak kirsebærlukt her. Og det bør det jo være når namnet trass alt er Cherry.
Inni nasen med den, men ingen oppløftande, bihulerenskande opptur ved inntak. Dette seier meg at nikotin-innhaldet ikkje kan vere det største. God tobakksluft, med eit svaaakt hint av kirsebær. Mentholen merkar eg ikkje noko til. Her er det tobakken som er mest utprega i byrjinga, men etter eit minutt eller to kjem kirsebæret meir inn på bana. Etter max 10 minutt er smaken vekke. Men altså ingen opptur som med tidlegare testa President. Denne virkar meir avslappande på meg. Snakkar vi chillaxingsnuff? Seintfredagskveldsnuff?
Smaken er i alle fall god, sjølv om kirsebæret er diskret og kanskje kunne vore meir framtredande. Men så lenge tobakkssmaken er god kan den godt vere dominerande for min del.
(denne testen er henta frå heimesida mi)