Snort deg kald.
Etter nedturen sist test, då eg testa ut nok ein Silver Dollar boks, går eg no tilbake til produsenten som aldri har skuffa meg. Gode, gamle, trufaste Pöschl.
I dag er det Pöschl sin Gletscher Prise som skal snortast. Direkte oversatt frå germansk tyder det “Isbre klype”, altså ei klype med isbre. Ligg det an til frosne snyteskaft? Rim i nasehåra? På burken står det og “Menthol mit Columbia-öl”. Colombia ja. Kva tenkjer folk flest på når dei høyrer Colombia? Og når dei kombinerer dette berykta landet med eit produkt du puttar opp i nasen?
Vel, det er fortsatt ikkje narkotika det er snakk om her, men temmeleg ufarleg tobakk. Tyskarsnakket betyr berre at denne snuffen mint snuffen har Colombiansk menthol-olje i seg. Og så kan ein spørje seg; kva er forskjellen på mint og menthol? Menthol er eit stoff du kan hente ut frå peppermynte og andre mynteoljar. Menthol vert også laga syntetisk grunna den store etterspørselen. Menthol har ein kjølande effekt, og soleis må eg førebu meg på ein kald nase. Som Marvin Gaye ville sagt; let’s get it on!
Fargen er mørkare enn dei andre snuffane eg har testa. Meir mørk enn gyllen brun, som er den vanlege. Den luktar tobakk og menthol, noko mange andre snufftypar også gjer. Dei fleste følgjer den gamle, engelske tradisjonen og brukar menthol i snuffen. Men her er det ein tydeleg forskjell. Som vanleg med Pöschl sine snuffar får du den vetle oppturen av nikotinen, og føler deg klår og lett i hovudet. Herleg!
Ho her brukte garantert Gletscher Prise.
Og nasen kjennes utan tvil kald ut. For min del særleg inngangen på nasen. Eg sit på sofaen, med god fyr i omnen og passeleg lunk i rommet. Likevel kjennes det ut som eg kunne vore ute i frisk haustluft når eg pustar inn med nasen. Dette var rett og slett snodigt, men utruleg godt. Den Colombianske mentholen sin kjølande effekt fungerar tydelegvis. Eg får mest lyst til å jodle i läderhosen eller gaule ut over fjella som ho dama i Sound of Music, eller som i ein dårleg Riiiicolaaaa-reklame.
Lukta ligg lenge og behageleg i nasen, det same gjer den friske kjensla. For ein herleg snuff! Denne kan du trygt prøve.