Uendelege muligheitar.
Det er noko heilt eige med biblioteket. Så fort eg kjem inn dørene senkar roa seg i sinn, sjel og kropp. Det er ei behageleg stillheit der inne. Lyden av folk som konsentrerar seg, eller som drøymer seg vekk i bøkene sine. Forsiktig klimpring på tastaturet av folk som brukar internett. Kanskje lyden av ein overivrig unge, etterfulgt av hysjande foreldre.
Sistnemnde er nok meg, når eg er der med ungane. For sjølv om eg likar meg utruleg godt mellom radene av spanande bøker, så er biblioteket noko heilt magisk for ungane. Dei har vanskar med å leggje lok på begeistringa når dei kjem til barneavdelinga, og ser alle dei flotte bøkene og teikneseriane. Perm på perm om alt mellom himmel og jord og forbi. Og det er jo heilt fantastisk at vi kan få låne nett dei bøkene vi vil, og ta dei med oss heim, utan å betale ei krone.
Spanande bøker overalt!
Ungane fekk ytterligare hakeslepp når dei fann ut at det var mogleg å spele brettspel og tv-spel på biblioteket. Sist gong sat det nemleg nokre jenter og spelte Nintendo. Min spelegalne son fekk umiddelbart sauestiren, og vart sitjande å sjå på. Snille som jentene var lot dei han få vere med å spele. Ungane fekk nok eit positivt sjokk då dei fekk vite at dei kunne låne TV-spel, cd’ar og filmar også. Alt er jo mogleg på biblioteket!
TV-spel på eit bibliotek?
Og så har du bibliotekarane. Har du nokonsinne møtt meir avbalanserte, rolege og hjelpsame menneske? Dei leiter fram bøker for deg, kjem med anbefalingar og set deg velvilligt på ventelista for det du måtte ynskje, alt dette med ein vennleg tone og eit smil om munnen. Og dersom du kjem med nokre ekstra plastikkposar til dei, som dei alltid har mangelvare på, så er det mest som om du har fått ein venn for livet.
Kose-lesekrok for dei små.
Biblioteket er ein magisk stad, der du kan slappe av og drøyme deg vekk. Men vi, og sikkert resten av Noreg er alt for lite flinke til å nytte oss av det. Om det er lenge sidan du har vore der, så anbefalar eg deg å ta ein tur.