Eg undrar, kva verdiar i folk er verd å halda på? Kva verdiar i folk, kjem folket til nytte av, kontra den einskilde personen? Eg vil påstå at så langt, sjølv om eg berre har lest dei 2 fyrste kapitela i boka, så er mykje av historia om egoistiske sjølvopptatte kongar. Som herja og plyndra for å styra over folk og land via makt misbruk. Ville du ikkje vera hans menn og gje litt av verdiane frå jobben du gjorde til kongen så var du drepen eller utvist frå hans rike.
Dette er ikkje noko unntak når det er snakk om Harald hårfagre heller. Kvifor hårfagre? I følgje det som står så er det ikkje anna grunn enn at han etter ein lang periode ute på tokt så fekk han nokon til å klyppa håret sitt, og resultatet synast folk var så bra og fagert at dei etter det kalla han hårfagre. Har var i stor grad utmerka i boka for å vera den første kongen som la heila Noreg under seg. Og kvifor gjore han det? Ikkje fordi han ville eiga eit større området som var meir arbeid å halda styr på, nei det var ikkje det. Det var fordi han fann ei møy som han syntest var så fager at han ville ha ho uansett kva han måtte gjer. Og ho sa til han at han om han sko vera verd å ta til mann så måtte han leggja under seg heila Noreg akkurat som ein anna konge hadde gjort med Sverige, Svea kongen. Og det var nokk til at han for rundt i landet og kriga med alle dei andre kongane for å enten drepa dei eller tvinga dei til å bli hans menn.
Og kva er meir egoistisk enn å villa kontrollera store mengder land og folk berre for å kunna gifta seg med ei som ikkje lar seg gifta om ikkje han gjer det? Det var inga omtanke om folket som budde der, dei var berre der til å halda dei med mat og rikdom. Med unntak i om nokon gjekk ut av sin veg for å gje tenester til kongane og deira venner som då gav dei venskap som betaling.
Ein interessant ting som skjedde i følje boka var at eine sonen til Ragnvald Mørejarl (jarl i Møre ) som var god ven av Harald, blei fredlaus på grunn av brot på nye reglar Harald hadde bestemt. Denne sonen heiter Rolv, eller Gange Rolv, fordi har var for stor og tung for hestane så han måtte gå overalt. Han var stor viking or herja her og der og ein gang så gjore han det innanføre Norge som ikkje var lov lengre etter at Harald hadde lagt under seg heila landet. Då sia Rolv var blitt fredlaus så reiste han ut av landet til Englands øyene og herja der og fekk kontroll på store områder der. Og om det som står i boka stemme så er det av hans slekt at Englands kongane kjem frå.
Til sist vil eg spørja; Kva er eigentleg forskjellen på Diktatur og Monarki når ein konge får makta via vald og krig og tar alle val om korleis ting skal gjerast?
Det kjem nok meir etter som eg får lest lengre i boka.
Viking skip laga i nyare tid, i Avaldsnes: kjelde