Navn på steemit?
Navn?
Pelle
Bosted?
Sogndal
Hva fikk deg til å begynne med steemit?
@Hamlander snakka varmt om noko som eg umiddelbart tenkte på som pyramidescheem. Men etter runde 2 med mas frå den gutalaken, så måtte eg prøve. Og eg vart veldig overraska over alle dei positive folka på platformen. Folk er veldig greie med kvarandre, og backar kvarandre opp virkar det som.
Hva jobber du med?
Eg jobbar i administrasjonen på Høgskulen på Vestlandet.
Noe familie?
Kone, 4 ungar.
Dyr?
Kun gullfisk.
Hva liker du å gjøre på fritiden?
Fritida går mest i ungepass. Men eg har veldig mange interesser. Eg er dessverre litt interessert i alt mogleg. Film, tv-seriar, bøker, musikk, gaming, snuff (tobakk), barbering, rally, drifting, motorsport, bilar, samleobjekt, paintball, lista er nærast utømmeleg.
Noen eller noe som inspirerer deg med henhold til forfatterskapet ditt?
Eg har alltid likt å skrive humoristiske tekstar. Eg tykkjer det er moro å vri litt på ting og prøve å tenke anleis. Det er ikkje alltid eg lukkast, men nokre gonger kan eg kome med nokre gullkorn.
Har du noen drømmer for livet eller steemit?
Minimalt med ambisjonar på denne karen dessverre. Donkeyboy sin Ambitions vart faktisk skriven om meg..? So lenge ungane og familien har det vi treng, og er lukkelege i lag, så er det viktigast. Eg tener heller mindre for å vere med ungane, enn å tene meir, men vere vekke. Pengar er ikkje alt. Ser gjerne at eg får fleire av mine bekjende inn på Steemit, slik at det kan ta over for den altomslukande Facebook'en. Og so er det jo ekstra moro at ein kan få nokre øre av postane ein skriv, sjølv om eg tvilar på at eg kan slutte i jobben med det fyste.
Hva handler postene dine hovedsakelig om? (kan gjerne legge ved linker til noen du er ekstra fornøyd med).
I utgangspunktet hadde eg tenkt å leggje ut oppdateringane mine om Driftnerd-gutta. Det er ein samling av Noregs beste/mest interessante drifting-utøverar. (Drifting er ein type motorsport). Men eg ser no etterkvart at det vert meir og meir personlege ting. Så sett vekk frå Driftnerd-oppdateringane går det mykje i tull, tøys og personlege postar.
Her er nokre halvtilfeldig utplukka postar:
Ein tekst om skrekken ved å ha ungar
Noen tips til ferskere steemians?
Følg med på One Bit News magasinet. Der får ein mange gode tips. Men det eg har vorte fortalt er at det er lurt å upvote eigne postar ein legg ut (men ikkje eigne kommentarar!). Og når ein skriv kommentarar til andre er det lurt å skrive noko skikkeleg, og legge ved eit bilde eller animasjon.
Eg følgjer også med på https://steemd.com/@dittbrukarnamn - for å sjekke at eg helst ikkje går under 75% på "Voting power" og aldri er over 95%.