Desse bileta er tekne på ein båtfestival på Leirvik om kvelden 27. juni 2009. Det første biletet er av veteranbåten Stord 1.
Denne båten var ny i 1913 og gjekk i rutefart fram til 1969. No er båten eigd av Veteranskipslaget Fjordabåten. Gjennom mange år har eldsjeler drive eit omfattande arbeid med å restaurera og halda vedlike dette vakre skipet. Mellom anna har dei installert ein dampmaskin i Stord 1.
Veteranskipslaget arrangerer turar med dampskipet, der interesserte personar og lag kan delta på turar i Sunnhordlandsbassenget.
Det siste biletet viser vakre trebåtar som ligg ved sida av kvarandre i Leirvik hamn denne kvelden.