Moster stod sentralt i Noregs historie då landet vart kristna for meir enn 1000 år sidan. Moster har alltid vore ei god hamn og det var ikkje tifeldig at vikingekongen Olav Tryggvason gjekk i land her då han kom til Noreg frå England i år 995.
Seinare låg Moster midt i leia til Bergen frå handelsmenn som kom frå Tyskland, hanseatane. Elles fekk Bergen besøk av skip og båtar frå både Holland og England. I dei dagar kunne ein ikkje ferdast trygt i båtane sine om natta. Derfor vart det oppretta gjestgjevarstader der sjøfolka kunne få både overnatting og mat. Ein slik sentral gjestgjevarstad var Moster.
Bileta viser Mosterhamn sett frå Vetahaugen.
Moster was central in Norway's history when the country was Christened for more than 1000 years ago. Mosterhamn has always been an excellent harbour, and it was no doubt that Viking king Olav Tryggvason landed here when he came to Norway from England in 995.
Later, Moster lay in the middle of the fairway to Bergen where merchants from Germany, Hanseatane sailed. Bergen also received visiting ships and boats from both Holland and England. In those days, nothing could be done safely in their ships at night. Therefore, there were established guest houses where seamen could get both accommodation and food. One such central guest city was Moster.
The pictures show Mosterhamn viewed from Vetahaugen.