Straks eg såg biletet meinte eg at det var ein forglemmegei, men kva art kan vera vanskeleg å avgjera.
Dei to vanlegaste artane er Åkerforglemmegei (Myosotis arvensis) som er den mest vanlege. Den har små blomar. Deretter kjem engforglemmegei (Myotis scorpioides) som har større blomar. Diameter på blomen kan nærma seg ein centimeter.
Når ein ser på eit makrofota og ikkje har anna å referera storleik på er det vanskeleg å avgjera storleik på blomen. Men kanskje kan fotografen supplera oss med kva storleik det var på blomane.
Eit par andre forglemmegeiartar kan og vera aktuelle. Det er skogforglemmegei og fjellforglemmegei. Dei ôg skal ha større blomar enn Åkerforglemmegei. Eg og har nokre makrofoto av forglemmegei, som eg kjem til å publisera.
Med vennleg helsing
@Siggjo
RE: Macrophoto -#9 - Back on the trail with small flowers in the aim