På vestsida av Andøya er det mange fine sandstrender mot Atlanterhavet. På desse strendene kan ein stundom sjå både sauer og kyr som beitar i området. På det første biletet frå stranda på Nordmela, ser me at sauene heldt seg i strandområdet og beitar på det saftige og frodige graset. Traktoren og løa kan ein òg få auga på like i nærleiken.
På det neste biletet kan ein sjå at sauene har teke seg ein pause i beitinga og kviler i stranda. Fjellet i bakgrunnen heiter Børra. Det raudfiolette beltet i bakgrunnen på biletet er eit parti med geitrams som blømer frodig i desse traktene i august månad.