Skarven er ein fugl som ein ofte ser sitja på små skjer slik som her. Denne skarven som er avbilda her er storskarv (Phalacrocorax carbo).
Den er den største av skarvene våre. Den kan ha eit vengjespenn på opptil 150-160 cm. Vekta kan vera nesten 3 kg. Det er sikkert mange som har sett skarven sitja med vengjene utstrekte. Dette gjer storskarven for å tørka fjørdrakten sin. Ulik andre sjøfugler har ikkje skarven fjørdrakt som er vassavstøytende. Difor blir fjørdrakta til storskarven våt. Kvifor dette? Jo når fjørdrakta vert våt, slepp storskarven streva med oppdrift av lufta i fjørdrakten. Dette gjer at storskarven kanskje er den beste av sjøfuglene våre til å dykka.
Her har tre storskarvar fått selskap frå to svartbakar på eit skjer.