Måsen er ein elegant flygar, noko desse bileta viser. Det første biletet er av ein svartbak (Larus marinus).
Den har eit vengjespenn på om lag 160-170 cm, og er den største av måkeartane våre. Den kan og oppnå ei vekt på meir enn 2 kg.
Dei andre bileta er av gråmåse (Larus argentatus). Den kan ha eit vengjespenn på meir enn 150 cm. Vekta på gråmåsen kan vera opptil om lag 1200 gram.