Estetisk eplebonde.
Om du ikkje har skjønt det enda, så har eg ein fetish for grafisk vakre spel.
Prune er nettopp eit slikt spel; presentert i nydeleg grafikk. I duse, avlappande fargar med behageleg musikk.
Prune går ut på å få eit tre til å blomstre. Enkelt å greitt?
Treet blomstrar kun i sola. Derfor må du beskjære treet slik at det rekk opp til sola.
Kappar du ei grein, veks dei andre meir, og strekk seg mot sola.
Vel ute av skuggen er det blomstringstid, og du har klart brettet om du klarar å få nok blomstrar på greinene.
Etter kvart blir sjølvsagt bretta meir og meir vanskeleg. Treet må stadig vekse høgare.
Eller du må få det til å vekse i snodige retningar.
Stadig fleire hindringar dukkar opp. Området vert trangare, trea vert fleir.
Det er mogleg at det berre er eg, som son av ein tidlegare fruktdyrkar, som fell for dette spelet. Men jaggu er det kjekt.
Sjølv om spelet er behageleg i duse fargar, vert du likevel stressa etterkvart som utfordringane eskalerar. Spelet er lett å setje seg inn i og lett å ta opp og spele i korte pausar. Enkelt og greit, men likevel utfordrande så det rekk.
(denne testen la eg først ut på heimesida mi)