Kvardagsluksus
Eg byrjar med ordtaket eg alltid nemner når det er snakk om pizza.
“Pizza er som sex. Uansett kor dårleg det er, så er det uansett litt godt.”
Her er derfor ei enkel oppskrift på korleis du lagar pizza av polarbrød. Du kan og nytte pitabrød, eller i verste fall brødskiver – men då er det vel meir ostesmørbrød/ostaskiva enn pizza.
Du treng:
– Polarbrød, evt anna gjærbakst.
– Ketchup eller tomatsaus.
– Kjøt av eit eller anna slag. Hund fungerar også.
– Tomater eller anna grøntfor som du måtte like.
– Ost, helst frå Tinesjølvsagt.
– Dine favorittkrydder.
Finn fram Polarbrødet. Her har vi fleska til med ein Havretrippel.
TIE Fighter pizza på gang?
Flekk på litt hypnotiserande ketchup, tomatsaus eller liknande.
Dryss på litt godt krydder.Oregano og pizzakrydder er aldri feil.
Neste ut er kjøt. Skinke til mor, salami til far?
Litt halshogde spedbarnstomater har aldri skada nokon.
Så toppar vi heile sjaiten med eit generøst lag med ost og litt krydder.
Det ferdige produktet er upåklageleg fantastisk. Det er faktisk mykje betre enn ein skulle tru – ut frå den minimale innsatsen og den vetle tida det krev for å lage.
Vær obs på at botn ikkje vert sprø med polarbrød. Så viss du er avhengig av knasebotn kan det vere lurare å bruke fukta pitabrød.